Gode lesar,

Fredag var ein artig dag. Det var tid for å gå på land på Bjørnøya. Der fekk fleire av gjester og mannskap, inkludert underteikna, eit forfriskande bad i sjøen. Det høyrer med når ein kjem til Bjørnøya. På butikken der vi kunne kjøpe suvenirar og diplom, traff eg attpåtil kjentfolk! Kokken som ekspederte sa plutseleg: "var ikkje du prest for Kongeskipet i fjor?" Veldig artig. Ein slik liten velferdstur var kjekt og velfortent for mannskapen etter solid innsats i to veker. Etter å ha fått varmen i oss og kome oss ombord att, stogga vi ved sørspissen av øya. Der er det ein klippeformasjon som heiter "perleporten". Med prest, ein tidlegare klokkar og ein gitarspelande styrmann, måtte berre salmen "Han skal åpne perleporten" syngjast og alle dei andre som var med såg ut til å tykkje det var eit artig innslag.

På føremiddagen i går, laurdag, klappa KV Harstad til kai i Tromsø etter det som må kunne seiast å ha vore eit svært vellukka tokt. HUGIN er eit fantastisk verkty, og hadde flyet vore i det søkte området, så hadde det blitt funne. Det er vi trygge på. Kvifor kan eg kalle det vellukka når vi ikkje fann det vi leita etter? Jo, for operasjonen vart gjennomført etter planen, vi fekk gjort det vi skulle, nemleg søkje i det gjevne området. Utstyret har fungert godt og vi har ikkje hatt ulukker/uhell med personskade. Stemninga har vore god og oppdraget gjennomført. Ein veit aldri utfallet av ein operasjon før etterpå, og eit ikkje-funn er også eit resultat. Som eg har nemnt før hadde det sjølvsagt vore artig å kome til kai med eit flyvrak på akterdekk, men ingen var vel spesielt overraska over resultatet.
 
Sjølv har eg lært mykje på toktet, både på det operasjonelle feltet og om Kystvakta. Det er ikkje alltid det er så mange ulike aktørar plassert på eit og same gråmalte farty. Filmfolk, mannskap, ROV-operatørar, HUGIN-team og resten av oss kom godt overeins, fekk i samarbeid gjennomført oppdraget og eg hadde inntrykk av at folk hadde det fint. Eg er takksam for å ha fått vere med, for å kunne ta del i ein slik operasjon, for nye venskap og kollegafellesskap og for at alt gjekk bra.

så ein takk til dykk som har lese bloggen og såleis synt interesse for det vi har drive med,

venleg helsing
Turid